Hopp til hovedinnhold

Desmarestia (Kjerringhår-slekta)

Systematikk:

Rike: Det gule riket (Chromista)
Divisjon: Brunalgar (Phaeophyta)
Klasse: Brunalgar (Phaeophyceae)
Orden: Desmarestiales
Familie: Desmarestiaceae
Slekt: Kjerringhår-slekta (Desmarestia)

Dei to mest vanlege artane i Noreg er Vanleg Kjerringhår (Desmarestia aculeata) og Mjukt kjerringhår (Desmarestia viridis). Dei er relativt lange algar. Vanleg kjerringhår har relativt harde greiner med tornaktige endeskot, mens mjukt kjerringhår er meir delikat og har i motsetning til fyrstnemnde parvis forgreining. Dei finst ikkje i fjøra, anna enn lausrevne individ, men finst frå 1 m og nedover.