Hopp til hovedinnhold

Himanthalia elongata (Knapptang)

Knapptang (Himanthalia elongata)
Opphavsrett: Per Arvid Åsen (1980)

Systematikk:

Rike: Det gule riket (Chromista)
Divisjon: Brunalgar (Phaeophyta)
Klasse: Brunalgar (Phaeophyceae)
Orden: Tang (Fucales)
Familie: Himanthaliaceae
Slekt: Himanthalia
Art: Knapptang (Himanthalia elongata)

Du finn han gjerne inni vikar på utsette stader. Han er lett å kjenne igjen ved at han har ein knappeforma del nedst (2 – 5 cm høg) og greiner (formeringsorgan) som veks opp frå knappen. Men om hausten forsvinn greinene, og berre knappane står igjen. Han er vanleg i fjøresona på vestkysten med nordgrense i Vest-Finnmark. På Skagerrakkysten er han sjeldan, men funnen fastvoksande aust til Arendal.

Andre navn: knappetang, remtang

Engelsk navn: Sea Thong