Hopp til hovedinnhold

Saccharina latissima (Sukkertare)

Sukkertare (Saccharina latissima)
Opphavsrett: Stein Mortensen

Systematikk:

Rike: Det gule riket (Chromista)
Divisjon: Brunalgar (Phaeophyta)
Klasse: Brunalgar (Phaeophyceae)
Orden: Tare (Laminariales)
Familie: Laminariaceae
Slekt: Saccharina
Art: Sukkertare (Saccharina latissima)

På meir verna stader vil ein i staden for stortareskog finne sukkertareskog, jamvel om denne skogen vanlegvis ikkje er så tett som stortareskogen kan vere. Medan stortaren må leggje mykje energi i ein sterk stilk for å tole draget i sjøen, slepp sukkertaren lettare unna sidan han lever i rolegare vatn. Han bruker difor mykje av energien til å ha eit stort blad. Ulempa med stilt vatn er at tarebladet kan bli sterkt grodd, slik at det taper evna til å fotosyntetisere.

Kjennetegn: Bladet er mykje lengre enn det er breitt og så stort at det ofte legg seg utover botnen. Randen av bladet er noko bølgete. Det er også midtpartiet oppover langs bladet. Mangler midtribbe som skiller den frå butare.

Engelsk navn: Sugar Kelp

Forvekslingsarter: Butare (Alaria esculenta)